- Mange fann vegen til Sanitetshuset i dag når Todalen Sanitetsforening åpna dørene til si årlege klesinnsamling til Estland. Dette er blitt ein årvis hending hos Saniteten, og etter 6 år verkar det fortsatt som om dette er eit populært tiltak. 98 store søppelsekkar vart i dag stabla opp i uthuset på Kvendset, klare for levering til Estlandsforeninga i Rindal.
- Fleire av dei oppmøtte var utabygs frå. Både nordvikgardingar og surnadalingar hadde rydda i sine vinterlager og tok seg ein todalstur i finveret. Dei fleste tok seg også tid til ein gratis kaffekopp med noko attåt inne i Sanitetshuset.
- Sanitetsdamene nytta samtidig dagen til ei lita vårreingjering både inne og ute rundt sanitetshuset i finveret.

Guro Beate Sæterbø, Håkon Sæterbø, Marie Orahaug, Åse Rendal Holten og Gudrun Bela var god fornøgd med at dei også i år kunne komme til Todalen Sanitetsforening med sine varer. Dei hadde benytta seg av tilbudet tidlegare også kunne dei fortelje.