Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Like før ny Stikk UT! – sesong

Dordi Jorunn Halle Fredag 29. april 2016

Søndag første mai går startskottet for Stikk UT! 2016. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder om stor pågang og interesse for årets Stikk UT! I år er det heile 179 turar å velje mellom i 15 kommunar og 184 dagar til å gå på Stikk UT!- tur. På grunn av ein god del snø i fjellet, blaute myrar og våt mark, blir det ikkje lagt ut nye kodar i riktig alle Stikk UT!-turkassane til 1.mai.

IMG_4689

Foto: Dordi J.H.

I Surnadal kommune er det tolv turmål – dei same som i fjor:

Grøne turar (passar for dei fleste): Langvatnet, Kleiva, Svinvikrunden, Svorka og Bjorvollen, Salvatna og Kallset.

Blå turar (for dei med litt turefaring, kan vere litt bratt og kupert terreng): Strengen, Trodalen og Storhaugen.

Raude turar (for erfarne turgåarar, kan krevjande parti): Sulå, Knyken og Hjelmen.

Alle turane i Surnadal med unntak av Hjelmen opnar 1. mai, det vil seie at årets kode er å finne ved turmålet. Men Norunn Holten, Stikk UT!-kontakt i Surnadal, melder at det er snø/skiføre for å kome til fleire av turmåla som Sulå, Strengen, Salvatna og Langvatna. Men turane i Todalen, Storhaugen og Svinvikrunden, er fine å gå no, det same gjeld for Kleiva, Kallset og Trodalen. Noko snø for å kome til Bjorvollen. På rutene med mykje snø kan det vere problem å sjå merkinga.

IMG_7667

Stavgangruppa ved trimkassen i Svinvikrunden. Foto: Sigrun Ørsal

Premiering!

Nytt av året: Det blir trekt eit gåvekort på 500 kroner kvar månad mellom dei som registrerer seg på nett og har adresse i Surnadal kommune, gjeld uansett turmål. Norunn Holten oppmodar Stikk Ut!-turgåarane om å registrere turane sine, da blir det lettare å synleggjere aktiviteten. Men det viktigaste er sjølvsagt å kome seg ut på tur! Det er turbok i turkassane. Friluftsrådet melder at dei også trekker ein vinnar kvar månad mellom dei som registrerer seg på nett,-  gevinsten er ein tursekk.

Det er tydeleg at Stikk UT!-opplegget er populært. I 2014 vart det i Surnadal kommune registrert totalt 2532 turar og i 2015 hadde talet auka til 4392 turar fordelt på 814 personar.  Men det er tre gonger så mange kvinner som menn som registrerer seg. Registrering skjer på nettsida www.stikkut.no  .I boka som vart lagt ut på Storhaugen  1. mai i fjor, er det no notert vel 1050 turar!

stikkut

Stikk UT!-bedrift 2016

Nytt av året er Stikk UT! -opplegg for bedrifter, der var Talgø først ute med å melde seg på. No er det om lag 30 bedrifter som har meldt seg på! Det er Friluftsrådet svært godt fornøgd med så få dagar som tilbodet har eksistert.

Meir info i brosjyra som kom i postkassane denne veka og på nettstaden www.stikkut.no og www.morotur.no.

IMG_3405

Foto: Dordi J H

IMG_3407

Turen til Trodalen startar ved Flessen hyttesenter og det er riktig så idyllisk og fin tur. Foto Dordi J H

 

 

 

Publisert: 29. april 2016, 10:16