Jenny Klinge likar å ha kontakt med grasrota – torsdag morgon var ho på plass i Viastufjøset kl 7.30, for å delta i fjøsstellet. Vi trefte Jenny i «fjøsmundur», og vart med på morgonstellet og frukosten etter på.
Jenny er som senterpartipolitikar oppteken av å halde god kontakt med grasrota, og sette difor stor pris på at ho fekk være med og delta i morgonstellet i fjøset i Viastua, hos Ola Kvendset.
Jenny Klinge voks opp på gard i Østbødalen i Surnadal, der familien livnærte seg på sauehald. – Seinare vart det sauehald i kombinasjon med lakserøykeri, og etter Tsjernobyl-ulykka vart sauehaldet lagt ned på grunn av driftproblema som oppstod.
Og Jenny har sia sakna livet på garden, og den gode kontakten med dyra.
I Viastufjøset fekk ho straks kontakt med kalvane til Ola, som sette pris på besøket frå Løvebakken. Her fekk Jenny også opplæring i bruk av mjølkemaskin – nokre kyr som nyleg hadde kalva blir nemleg mjølka manuelt, og det vart etter kvart ein bratt læringskurve med reingjering av jur, innhenting av mjøleprøver og påsetting av spenekoppar. – Dette hadde Jenny aldri prøvd før, men det gjekk bra og det vart mjølk i spannet. Jenny resonnerte litt på måten til Pippi, som brukar å seie at dette har eg ikkje prøvd før, så det får eg sikkert til.
Ola var dyktig til å informere om korleis arbeidet i fjøset arta seg, og forklarte korlei og kvifor ting vart gjort slik som det vart.
Jenny tykte denne måten å lære om jordbruket er veldig matnyttig, for vanlegvis så er det berre ei omvising og ein presentasjon om korleis ting er, og da er det veldig vanskeleg å finne ut kor skoen trykkjer og kva som trengs for eit livskraftig landbruk.

Mange tema vart drøfta rundt frukostbordet denne morgonen – frå venstre Håvard Halset (bondelaget), Ola Kvendset, Wenche Kvendset (kårkjerring/Viastua gardsprodukter), Edvard Bele Sæterbø (Senterungdommen) og Jenny Klinge. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Elles vart det sjølvsagt mange tema som vart diskutert gjennom dette morgonstellet og frukosten rundt langbordet på kjøkkenet etterpå. Kan berre nemne sjølvforsyningsgraden i Norge, rovdyrproblematikken i Trollheim, jordbruksoppgjeret, det langsiktige avlsarbeidet, forutsigbarheita i jordbrukspolitikken og mykje meir.
Etter at både negative og positive sider var drøfta rundt bordet kan vi konkludere med at det er ein positiv trend i jordbruket tross alt – det er mange som har lyst til å satse på ei framtid i jordbruket. – Difor er det viktig at vi gjer eit målretta arbeid med god kvalitet over tid, slik at vi får eit godt fundament å bygge på, slutta Klinge.