Fredag 5.mars mellom klokka 13:00 – 18:00 er det duka for gardsutsal av bakevarer hos Lia Gard. Innehavar Monica Moen Kvendset fortel at det vil bli mogleg å få kjøpt: ferske smultringar, skulebollar, grovbrød, osteloff og havrekjeks. Så her er det noko for ein kvar smak, inn mot helga!