I dag er det to biler som har hamna i grøfta mellom Nordvik og Svinvika. Sist var det ein distribusjonsbil som hamna i grøfta utmed Bleikhammaren – eit par hundre meter utafor Svinviks arboret. I dag tidleg var det ein personbil som hamna i grøfta nærmare Nordvik. Årsak til begge utforkjøringane er no at bilane er komne for langt ut på kanten, slik at kanten har svikta.
Dermed har begge dei to bilane hamna i grøfta. Personbilen er komen opp på vegen igjen, men står parkert på ei omkjøring. Lastebilen står framleis i grøfta, og ventar på begingsbil. Det «går rykte» om at vegen blir stengt for bilberging rund 16:30 – eller der om kring. Ser ut til at denne operasjonen er kjapt unnagjort?

Personbien er komen opp på vegen igjen, men står parkert litt lenger ut mot Nordvik. Foto Jon Olav Ørsal