Styret i Todalen sanitetsforening melder no om at den ytterste leiligheta er klar til utleige frå 1. juli. Kjøkkenet har vore under renovering og nokre frivillige «sanitetskarar» har teke siste innspurt med blandt anna montering av knortar og oppvaskmaskin dei siste kveldane, for å få ho ferdig.
Månadsleia er 2916 kroner, og har årleg indeksregulering. I den inngår renovasjon, brøyting og plenklipping. Leiligheta er på ca 56 kvadratmeter, med gang, bad, stue, kjøken, eitt soverom og bod ute og inne. Stue, gang og soverom oppussa for ca 4-5 år sidan.
Er nokon interessert i å leige, ta kontakt med Anne Helene Halset på telefon 918 16 615.
Under er nokre oversiktsbilder. Alle foto Ragnhild Ansnes Moe.