Under dagens møte i Surnadal kommunestyre, fremma Lars Inge Kvande (Sp), på vegne av Senterpartiet, eit oversendingsforslag til administrasjonen, der administrasjonen, i samband med budsjettet, blir bedt om å legge fram ei sak om at Todalen Idrettslag skal få leige gymsalen, ved Todalen skule, gratis i 2-3 dagar i veka fram til endeleg etterbruk av skulebygningane er bestemt.
Oversendingsforslaget vart samrøystes vedteke, og betyr i praksis at Todalen Idrettslag får leige gymsalen ved skulen på heilt andre vilkår enn det som vart skissert i første svarbrevet frå kommunen 2. november i år. I vilkåra som var skissert i dette brevet, ville leige av gymsalen ha kosta idrettslaget rundt 70.000 kroner i perioden oktober til og med april 2022.
Sidan dette var eit oversendelsesvedtak, så må kommunestyret på sitt budsjettmøte i desember gjere endeleg vedtak i saka, men sidan oversendelsesforslaget var samrøystes er det liten grunn til å tru at kommunestyret skal gjere eit anna vedtak i desember.
Da ser det ut til at saka løyser seg på ein god måte og at det kan bli ulike fysiske aktivitetar innandørs, for både små og store todalingar, også denne vinteren.