Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Leif Arne Ness – Lidenskapen som vart levebrød

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. oktober 2020

Leif Arne Ness (51) frå Bjørnerud i Todalen har gjort lidenskapen sin til levebrød. Han har heile livet vore lidenskapeleg interessert i fotball, og dei siste 5 åra er lidenskapen òg levebrødet hans. Leif Arne er nemleg heiltidstilsett materialforvaltar/lagleiar i Eliteserieklubben Sandefjord Fotball. Spelarkarriæra til Leif Arne var over i 2006, no er det dei to sønene Ulrich 24 år (Eidsvoll Turn 2.divisjon) og Fabian 21 år (Grorud i OBOS-ligaen) som er aktive spelarar. Sjølv om Leif Arne ikkje har budd i Todalen på 25 år, så er han todaling «på sin hals», og tek turen «heim» til Nygården så ofte han kan. Han er og heilt klar på at han skal flytte «heim att» når yrkeskarriera er over. 

Leif Arne er fødd i 1969 og voks opp på Bjørnrud i Todalen saman med Tor (far), Jorunn (mor) og Ragnar (3 år eldre bror). Leif Arne starta med organisert fotball i 1977, då han var 8 år. Då spela han på lag med spelarar som var i alderen frå 8 – 13 år. Det var ikkje noko som heitte knøtt og mini den gongen, fortel han, så det var stor skilnad både på storleik og alder hjå med- og motspelarar. Dette var òg eit blandalag med både jenter og gutar på laget. Leif Arne debuterte på Todalen sitt A-lag i 1986, då han var 17 år. Han spela for Todalen fram til 1992, kun avbrote av militær førstegongsteneste og etterfølgjande FN-teneste i Libanon i 1987 og 88. Frå 1992 og fram til Leif Arne sette skoa på hylla, hausten 2006, har han spela for: Surnadal. Ski (no Follo), Åndalsnes, Træff og til sist Bygdø Monolitten.

I desse «Fredspristider» må vi ta med at Leif Arne, og alle dei andre som har tenestegjort i FN sine fredsbevarande operasjonar fram til 10.desember 1988, fekk Fredsprisen i 1988. I samband med dette fekk alle som hadde tenestegjort i desse operasjonane ei spesiallaga medalje og diplom som synleg prov på at dei var tildelt Fredsprisen i 1988. 

Bandstripe for Fredsprismedaljen 1988.

I 1995 slutta Leif Arne ved Talgø, etter å ha vore tilsett her i 10 år, og flytta til Ski for å arbeide for møbelkjeda Skeidar som lagerarbeidar og tilretteleggjar. Han vart verande i Skeidar-systemet i omtrent 20 år, kun avbrote av eit drygt år då han var tilsett i Bussbygg i Molde og budde der. I 2012 vart han spurt om å bli ulønna materialforvaltar/lagleiar i Strømmen IF, noko han takka ja til, først og fremst fordi eldste sonen Ulrich spela for Strømmen på den tida, men og for å dyrke lidenskapen sin til fotball. Her var Leif Arne fram til sommaren 2015. Frå då av fekk han heiltidslønna stilling som materialforvaltar/lagleiar i Follo. Samstundes slutta han i Skeidar og gjorde med det lidenskapen sin om til levebrød. 

«På kjøretøyet skal fotballfolket kjennes». Foto: B G Ansnes

Frå januar 2016 og fram til i dag har Leif Arne vore tilsett som materialforvaltar/lagleiar i Sandefjord Fotball. Han har akkurat fått tilbod om ein ny fireårskontrakt med opsjon på ytterlegare fire år i klubben. Om Leif Arne takkar ja til dette tilbodet og opsjonen blir utløyst, så er han ein «vaksen» mann når kontrakta går ut i 2029. 

Arbeids- og ansvarsområdet til ein materialforvaltar/lagleiar i ein Eliteserieklubb er mange og varierte. Vi kan nemne:

  • Innkjøp av treningsklær, drakter og alt anna materiell.
  • Trykking av sponsorane sine logoar på alle klær, med unntak av draktene.
  • Vasking av alt treningstøy og drakter.
  • Ordne med drikke til både trening og kamp.
  • Møte med NFF sin kampdelegat og motstandarlaget sin lagleiar tre timar før kvar kamp.   
  • Melde inn innbytte av spelarar til 4.dommar under kamp. 

Leif Arne er med på alle treningsleirar og treningar både i oppkøyringsperioden på etterjulsvinteren og i sjølve sesongen, så det blir ein god del reising i jobben, men det tykkjer Leif Arne er heilt topp. I perioden då laget spelar kampar i Eliteserien arbeider Leif Arne frå klokka 8 til mellom 14 og 16 kvar dag med unntak av måndagane. Måndagane er nemleg kviledagen i toppfotballen. Leif Arne og resten av støtteapparatet et frukost og lunsj saman med spelarane kvar dag. I tillegg til Leif Arne er det 5 andre heiltidstilsette og 6 deltidstilsette i støtteapparatet til Sandefjor Fotball, sitt A-lag, så støtteapparatet stiller med fullt lag og innbytar, i alle fall i på papiret! 

Leif Arne disponerer eigen bil som han bruker til dei fleste bortekampane, men når turen er på meir enn 50 mil ein veg, tek han fly saman med resten av laget. Då må alt av utstyr og materiell pakkast i conteinarar som blir lasta om bord i flyet saman med resten av bagasjen. På kampdagen møter han opp minst fire timar før kampstart. Han må pakke ut drakter, oppvarmingsklede og alt anna utstyr og materiell dei har med seg. Så skal drakter og klede leggast på spelarane sine plassar i garderoben og alt anna utstyr gjerast tilgjengeleg rundt om i garderoben. Så må han lage drikke til oppvarminga og sjølve kampen. Tre timar før kamp må han på møte saman med NFF sin kampdelegat og motstandarlaget sin lagleiar. 

Under kampen er Leif Arne ansvarleg for alt av utstyr, klær, drikke og å melde til fjerdedommar om eventuelle bytte av spelarar. Etter kampen må alt av utstyr og materiell pakkast ned att og berast ut, før han til slutt ryddar garderoben. 

Leif Arne har òg skaffa seg lisens som spelaragent. Dette inneber at han kan vere rådgjevar for spelarar og klubbar ved spelarovergangar og kontraktforhandlingar, både nasjonalt og internasjonalt. Så langt har han ikkje hatt tid til å praktisere dette.  

Montering av ny komfyr i Nygården. Foto: B G Ansnes

Som vi ser så blir det lange dagar med varierte arbeidsoppgåver. Men Leif Arne trivst godt og tykkjer han er heldig som får ha sin store lidenskap som levebrød. Han får gjennom jobben reist mykje og møtt mange andre som deler hans lidenskap til fotball. Om ikkje mykje er sikkert her i livet, så er det heilt sikkert at eg skal arbeide med fortballrelaterte ting resten av min yrkesaktive karriere, avsluttar Leif Arne. 

Først publisert: 10. oktober 2020, 14:58 - Sist oppdatert: 11. oktober 2020, 12:18