Todalingen Leif Arne Ness (53) har takka ja til tilbod om å bli, ein av to materialforvaltarar i nybakt seriemeistar Molde Fotballklubb. Han kjem frå tilsvarande stilling i Sandefjord Fotball, der Leif Arne har vore materialforvaltar i sju sesongar, sidan januar 2016.
Leif Arne er som kjent født og oppvaksen på Bjørnrud i Todalen, og har, etter at han la fotballskoene på hylla og avslutta si karriere som fotballspelar, opparbeidd seg god og variert kompetanse som materialforvaltar i fotballklubbar rundt om i Norge. Han har vore materialforvaltar i Strømmen Idrettsforening, Follo Fotballklubb, Sandefjord Fotball, og no frå 1. januar altså i Molde Fotballklubb. Så det er ein erfaren materialforvaltar Molde Fotballklubb no har skaffa seg.