Førstkommande måndag kjem Jo Kvande Hansen på Intersport Olaf Moen Eftf. As til Tjønnmyra for å tilby todalingar og andre intereserte til felleskidemo. Jo fortel at han vil ta med seg felleski i forskjellige lengder og spenn, og alle som ønsker, skal få prøve. Han tek blant annet med seg testvinnareane fra Rossignol og Fischer.
Felleski er det aller nyaste innan ski no, og Jo anbefaler dette på det sterkaste for dei som ønsker å enkelt komme seg litt meir ut i bevegelse utan å legge ned alt for mykje forberedande innsats. Felleski er altså ei smørefri langrennski. På undersida har skien ein fell, som er laga av små, kunstige hår. Fellen sikrar både godt feste og bra glid på skituren, og det uten at du treng å smøre!
Om dette høyrest interesant ut kan du altså frå klokka 17.30 få teste dette heilt gratis og uforpliktande på Tjønnmyra. Du må ha med sko sjølv, av typen til normal binding.