Ein litt irritert lesar har gjentatte gongar observert søppel flytande utanfor Hamos sin container på nordsida av Talgøfabrikken. Dette er opprinneleg ein søppelcontainer for hytterenovasjon for Surnadal kommune, men blir kanskje av og til bruka av andre også. I går kveld låg det nok eig gong ein svartsekk med søppel utanfor containeren.
–Denne skal inni! Dette har skjedd så utrolige mange ganger og dette er ikke bra! Dyra kommer og spiser hull i sekken og strør søppla rundt hele plassen! Vet at lukene på containeren er små, men det er kanskje ett hint om hva som kan kastes inn, skriv vår lesar i ei oppfordring til dei som brukar containeren.
På andre sida av Talgø er det no kommet ein ny container med hydraulisk lokk på, slik at det kun kan kastes søppel i den innafrå bygget.