Helse- og omsorgstenesta, Kultur og Frivilligsentralen i Surnadal kommune, har i 2021/22 hatt eit samarbeidsprosjekt. Samarbeidsprosjektet har dei kalla: Ledsagerteneste «Treng du fælje?». Dette er ei følgeteneste, basert på frivillige, som kan bli med innbyggarar, som ønsker det, til legetime og sykehus. Arbeidsgruppa inviterer difor til informasjonsmøte torsdag 12. mai klokka 18:00 i lokala til Frivilligsentralen i Møbel-Fiske bygget på Skei, for å informere om den nye tenesta.
Prosjektet er forankra i Helse- og omsorgsplana som er politisk vedtatt. Dette er eit tema som det er oppfordra til gjennom “Leve hele Livet”.
I Omsorgsplana står det mellom anna:
«Frivilligsentralen vil bli ein viktig aktør og samarbeidspart sett opp mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene».
«Det vil vere naudsynt å opprette dialog med frivilligsentralen tidleg i planperioden, for å kartleggja behov for frivillig bistand, kva aktuelle oppgåver kan vere, og korleis dette kan organiserast».
«Målet er å få til eit godt og nært samarbeid der frivillige ressursar supplerer helsetenestene til det beste for innbyggjarane og brukarane».
Arbeidsgruppa er sett ned av assisterande kommunedirektør, i samråd med einingsleiarane i Helse og familie, Sjukeheimen, Heimetenesta og Kultur. Arbeidsgruppa har bestått av:
- Hilde Staveli Solli (Dagleg leiar, Frivilligsentralen)
- Ingunn Mikkelsen (Fagutviklingssjukepleiar, Sjukeheimen)
- Ingvild Kårvatn (Fagutviklingssjukepleiar, Heimetenesta)
- Annett Ranes (Einingsleiar, Heimetenesta)
Arbeidsgruppa har nytta standardisert forbetringsmodell og fått rettleiing I prosessarbeidet av “Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester I Møre og Romsdal”. Dette er gjort ilag med seks andre kommunar med ulike tema for arbeidet.
Arbeidsgruppa har no kome så langt at dei ønsker å tilby tenesta til innbyggerane I Surnadal kommune frå 1. Juni. For å få til dette er dei avhengig av at dei kan få med seg ei gruppe frivillige til å ta på seg slike oppdrag, og at det blir meldt behov for ledsaging. Så er du interessert i å høyre meir om den nye tenesta, møt opp på informasjonsmøtet torsdag!