Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ledig kapasitet på Søyacup

Elinor Bolme Laurdag 26. juli 2014

Siste laurdag i august (23.8) er IL Søya klare med sin tradisjonelle Søyacup. Så langt er vel 45 lag påmeldt, men det er fortsatt plas til fleire skriv dei på IL Søya si Facebookside. Rekorden vart sett i fjor med nesten 60 lag, dei fleste nordmørslag, men også nokre frå trøndelag. Så langt er det berre lokale lag påmelt i følge oversikta, som er oppdatert etter kvart som laga melder seg på.

Turneringa er for knøtt og mini, og det ser ut som om det ligg an til å bli ei rein J10- gruppe etter påmeldinga. Sjå oversikt over påmeldte lag her, der det også er mulegheit å melde seg på fortløpande.

Det krevst også ein god del organisering og hjelp av frivillige til å gjennomføre eit slik arrangement, og styret har allerede publisert fyldige arbeidslister på heimesida si. Sjå den HER.

logo_soyacupen_150pxl

Først publisert: 26. juli 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 24. juli 2014, 22:54