Leah Jørgensen og bestefar Bernt hadde laurdag rigga seg til med butikk på vegkanten på Kvennset. Leah er på påskebesøk hos bestefar og bestemor i Todalen og nytta finvêret til å rigge til butikk, der dei bydde fram eit utval treprodukt frå lageret på Spikbua til Bernt.
Leah hadde teikna salsplakat og saman har dei laga ei lita utstilling like i vegkanten. Så er det berre å få folk til å stoppe for å sjå og kjøpe. Og dei hadde litt av kvart å by på og enda større utval finn du dersom du er med inn i kjellaren for å sjå heile sortimentet.