Førstkommande laurdag blir det åpen café på Kårvatn Fjellutstyr igjen. Ingvild serverer denne gongen bakels å græt, gulrotkake, kaffe og ingefærte. Smaksprøvar av epler frå Einbakkan. I tillegg har ho dykka både i Todalen Historielag sitt arkiv og eige skulearkiv og laga til ein historisk natursti frå butikken og opp til Nauståfossen. Her blir det spørsmål både til vaksne og barn, og svar blir å finna på neste post fortel ho. Trim og lærdom i ett.
Vermeldingane ser bra ut, så fiskestong kan også medbringast lokkar ho.