Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lauvfall med todalingar…

Jon Olav Ørsal Sundag 27. september 2015

Laurdag opna Surnadal kunstforening «Utstilling ved lauvfall» i Surnadal kulturhus.  Det er i år 11. gong dei arrangerer haustutstilling, og det var stor interesse og mykje folk som kom på opninga. I år er det to todalingar som har bilder med på «Lauvfall» – Sissel Halset Storslett har to og Reidar Østvik har ett bilde som har sluppet gjennom nålauge.

ReidarØstvik534

Reidar ved bildet han har med på utstillinga.

Det var ordførarer Lilly Gunn Nyheim som opna utstillinga, og «Hektisk Etat» – i Tove Merete Schei og Tove Sunddlis skikkelsar sørga for underhaldninga i samband med opninga.  – det er mykje fin kunst på utstillinga, og absolutt verdt å ta ein tur innom ustillinga i galleri Finstuå – det er ope kvar dag fram til 11. oktober.

Bildeglimt fra opninga av utstillinga sist laurdag.  Alle foto: Sissel Halset Storslett

 

 

Publisert: 27. september 2015, 20:29