Laurdag opna Surnadal kunstforening «Utstilling ved lauvfall» i Surnadal kulturhus. Det er i år 11. gong dei arrangerer haustutstilling, og det var stor interesse og mykje folk som kom på opninga. I år er det to todalingar som har bilder med på «Lauvfall» – Sissel Halset Storslett har to og Reidar Østvik har ett bilde som har sluppet gjennom nålauge.
Det var ordførarer Lilly Gunn Nyheim som opna utstillinga, og «Hektisk Etat» – i Tove Merete Schei og Tove Sunddlis skikkelsar sørga for underhaldninga i samband med opninga. – det er mykje fin kunst på utstillinga, og absolutt verdt å ta ein tur innom ustillinga i galleri Finstuå – det er ope kvar dag fram til 11. oktober.
Bildeglimt fra opninga av utstillinga sist laurdag. Alle foto: Sissel Halset Storslett