Med fare for å rote seg bort i gamle, nye og bruka stadsnamn skal dagens storrundt frå Todalen historielag visast frå Lauvåskogan. Her er det store forskjellar i landskapet frå bilda er tekne og fram til i dag, med tanke på antall bustader i alle fall.
På hovedbildet ser vi Skogly, Gudvang, Lauvås, Solvoll, Bjørnrud og Haugtun. Skogly var det første huset som vart bygd (1923), deretter kom Gudvang (1925), Lauvås (1935/1936), Solvoll (1942), Bjørnrud (1938/1939) og til slutt Haugtun på 50-tallet.
Gammelt bilete der vi ser Lauvåsskogan og terrenget før det vart bygd villaer der (før 1923). Toåa verkar flaumstor og melfull!
Nilsstua. Før Ungdomshuset vart oppsett (1900) er det fortalt at 17.maifeiringa gjekk føre seg i Husbygarden. På biletet ser vi flagg og mykje folk, så dette er mest truleg frå ei slik feiring.
Husbygardane, nærast ser vi Jostua og løa som er rive.
Gudvang. Bygd av Halvar Øien.
Skogly, Berta Haltbakk i front.
Lauvås. Bygd av Halvar Øien.
Lauvås, Skogly, Gudvang og Solvollen. (RdFredrikstad av dei lokale?)
Nilsstua.
Vi tek ein avstikkar oppi Romådalen og helsar på Husbyseterstølen og seterskjela. Alle foto: Todalen historielag.