Laurdag 17. mars kl 12 – 15 blir det arrangert «Skiskytingens dag» på skiskyttaranlegget på Nordmarka. Etter triumfane til Tora Berger er skiskyttarsporten populær som aldri før, fortel Olav Jostein Holten i Indre Nordmøre Forsvarsforening. Det er nemleg forsvarsforeninga som er arrangør, og dei held både våpen or ammunisjon (kal 22). Dette er ein uformell aktivitet, der alle er velkomne til å ta del. Merkeprøve inngår i konkurransen, og det blir høve til å kjøpa merke dersom du klarar krava. Her finn du heimesida til Indre Normøre Forsvarsforening.