Laurdag inviterer Matkroken til årets handledag, og byr i den samanheng til skikkeleg kaffelag i butikkens kaffekrok. Her blir det servert gratis kaffe og marsipankake til alle som kjem innom butikken denne dagen.
Matkroken Todalen er som kjent deltakar i Merkurprogrammet, som er myndighetenes satsing for å ta vare på lokale sistebutikkar, fortel handelsmann Nordvik. Det er eit ledd i myndighetenes satsing på å oppretthalde lokal busetjing på bygdene. Matkroken i Todalen har ved fleire høve fått støtte til investeringar, mellom anna til drivstoffanlegg og til oppgradering av kjøl-/frys-/ og klimaanlegg ved butikken i Todalen etter visse kriterier.
Det er derfor viktig at butikken blir bruka og at butikken held såpass høg standard at den tilfredstiller krava som attraktiv daglegvarebutikk. Her kjem Merkur inn med gode råd og hjelp til både prosjektering og driftsspørsmål.
Ta turen innom til gratis kaffe og blautkake!