Todalshytta har for lengst innleia kultursommaren med låtskrivarseminar og tilhørande RAUS-konsert. I dag er det klart for meir kultur, når Johanna Demker og Alf Bretteville held sommarens første friluftskonsert på Todalhytta. Demker og Bretteville hadde eit omfattande samarbeid på 90-talen, men både arbeid, utdanning og familieliv gjorde at samarbeidet tok slutt den gongen – men no har dei funne tilbake igjen….

Fann tilbake til samarbeidet på scena under RAUS-opphaldet i Todalen – no blir det konsert og seinare CD av dette samarbeidet. Foto: Todalshytta
Det var egentlig under RAUS 2015 i Todalen at Alf og Johanna fann tilbake til lysten til å gjera ting saman på scena igjen, og dei byr no på flott gitarmusikk og 2-stemt song. På bildet frå Fosstrøin samarbeider dei om tekst og musikk til ny CD som kjem til hausten – mykje av denne musikken får vi høre under kveldens friluftskonsert på Todalshytta. Vi kan berre oppfordre til å kome og høyre!