Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Klart for lokal handledag på Matkroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. oktober 2019

Laurdag 19. oktober er den store handledagen for alle butikkar som er med i Merkurprogrammet for levande utkantbutikkar over heile landet.  Matkroken Todalen er ein av desse butikkane, og komande laurdag blir det liv både i Kaffekroken, der det blir servering av bakels og graut til gratis kaffe – og i butikken der mange gode tilbud skal gjera det ekstra lønnsomt å handle denne laurdagen. 

Bruk nærbutikken så blir den ikkje borte! Matkroken i Todalen er med på Merkurprogrammet der 400 utkantbutikkar over heile landet er med. Foto: Jon Olav Ørsal

Handelsmann Nordvik satsar i god lokalpatriotisk ånd, og poengterer kor viktig det er å ta vare på – og bruke nærbutikken. Brukar du ikkje nærbutikken, så bli den borte – så enkelt er faktisk det bodskapet. Dei siste åra er det gjort store investeringar med tanke på oppgradering av butikken på Kvennset.  Alt kjøle- og fryseutstyr er skifta ut, og det er montert nytt ventilasjons- og klimaanlegg i tillegg til moderne online kassasystem i Coop-systemet. – For nokre år sia vart det også montert nytt drivstoffanlegg med 24-timers kortsystem for betaling og nytt straumaggregat som sikrar drifta ved straumbrot. 

Men denne laurdagen er det altså fokus på helgehandelen.  I tillegg til mange gode tilbod og vanleg kjøpeutbytte på 1%, er det premiering med ekstra bonus for den som tek storhandel til helga  – 5% for handlevogn på minst 600 kroner og 10% rabatt på handlevogn over 1.200 kroner.  Unntak for rabatt er naturleg nok drivstoff og landbruksvarer, samt øl- og tobakksvarer som Stortinget har bestemt skal unntas kampanjer og pristilbod. 

Levering av drivstoff i lokalmiljøet er ein del av kvardagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er venta at 400 butikkar over heile Norge vil delta i den nasjonale kampanjen for lokal handel, seier seniorrådgivar Aina Sofie Brox i Distriktssenteret. Ho poengterer at når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn.  – Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier Brox 

– Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkane i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi sikre utsette butikkar og skape eit miljø rundt lokalbutikken. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Aina Sofie Brox, som tykkjer det blir jobba godt i Todalen. 

 

Publisert: 17. oktober 2019, 12:25