Laurdag 24. november er det duka for ny «julmess». Denne gongen er det den tradisjonelle førjulsaktiviteten i Mastua i Nistua på Nordvik, der det blir ope mellom kl 12 til 17. Der blir det eit variert utval i produkt å få kjøpt, og litt tå kvart både for auge og gane. Kristine tek julefotograferinga i stabburet og lagar julekort, medan Arve bakar og sel flatbrød direkte frå steketakka.
I tillegg får du både mølsgraut, lefse, strikkavarer, soplimar og treprodukt frå Viastua og Torunn, som og er vertskap, har eit stort lager med fine nissar. I tillegg kjem Sylte gardsslakteri med julemat og Kongshaug Fisk med sild- og fiskprodukt. Vidare blir det både småsløyd, strikkaduka, naturdekorasjonar, smågodt og mykje anna. Ta turen til Nistua og Mastua på laurdag og smak på julestemninga!