Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Inviterer til kulturvandring i Svinvika

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mai 2024

Laurdag 25. mai inviterer Todalen historielag til kulturvandring i Svinvika.  Historielaget har fått med Sven Olav Svinvik som guide på runden i Svinvika denne dagen, og da får vi med oss historia både om garden og om Svinviks arboret.  Sven Olav var eigar og drivar av garden i Svinvika frå 1969, og sitt med ein enorm kunnskap om både garden, gardsdrifta og om arboretet (Svinvikgjengstøa). Vi gler oss til å dele litt av denne kunnskapen med han, seier leiar i Todalen historielag, John Moe. Programmet startar kl 12.

I si tid var det rundt 35 hus på garden – kom og høyr historia om Svinvika med Sven Olav Svinvik som guide. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

I Svinvika er det teke godt vare på gardshistoria – garden var i si tid skysstasjon og hadde eige brevhus (postnummer 6644).  Sven Olav tek oss med på ein runde rundt på garden, der det i sis tid var rundt 35 hus som alle hadde sin funksjon.  Kulturvandringa blir avslutta i arboretet, det vi får høve til å kjøpe oss kaffe med noko attår i kafeteriaen.  

Kom og høyr historia om arboretet. Sven Olav sitt med mykje kunnskap om arboretet og drifta der. Foto Jon Olav Ørsal

Bli med på ei triveleg og interessant kulturvandring i Svinvika komande laurdag frå kl 12, oppfordrar Todalen Historielag

Todalen historielag er medlem i Todalen.no

 

Publisert: 21. mai 2024, 12:56