Laurdag er det dagen for å besøke førjulsmarkedet i Sanitetshuset. det startar kl 12 og varer til kl 16. Det er Ingrid, Elinor, Wenche, Solvor og Kristine som har gått saman om å lage julemarked, og dei satsar på å få til ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset, der du kan kjøpe forskjellige ting og tang. Der blir det og kaffesalg, med noko å bite i.
Dei har litt av kvart å tilby, og du finn mellom anna Tupperware, lefse, treprodukt, heimelaga karamellar, fotografier og postkort, mølsgraut, strikkavarer, hudpleie, vaskepulver og mykje anna. Her kan du laste ned plakaten for julemarked i Sanitetshuset.