Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag Fredrikkekaffe og måndag Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. april 2024

Både Fredrikkekaffe og Kløvertur gir gode møteplassar i bygda vår.

Laurdag 27. april var det Fredrikkekaffe i Sanitetshuset. Ingeborg Talgø og Arndis Søyset var vertinner. Dei serverte nydelege kanelsnurrar og bakels! Oppmøtet var ikkje det største denne dagen, men mai er ei travel tid med konfirmasjonar og andre store feiringar.

Kari og Jenny. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kløverturen starta frå Todalen ungdomshus. Frå venstre: Marit, Dordi Jorunn, Helga, Jean, Helen, Jorunn, Liv Jorunn, Arndis, Kari. Innleigd fotograf: John Moe.

Måndag 29. april gjekk kløverturen oppover «gammelvegen» i Øyalia. Her er det mjukt og godt underlag som er utmerket for trimturar! Turfølget snudde ved benken oppe på Bergå da det vart kald og sur vind. Til slutt kaffelag i Kaffekroken – eit flott samlingspunkt.

Ny kløvertur om ei veke. Er det fint ver, blir det tur utover til Haltbakkan.

Siste Fredrikkekaffen denne sesongen blir 1. juni.

Fleire bilete:

Triveleg å møtast: Ingeborg, Helen og Synnøve. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Arndis, Synnøve og May-Elisabeth rundt kaffebordet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Oppe i Øyalia: Kari, Åshild, Jean, Marit , Helen, Helga, Liv Jorunn, Arndis, Jorunn og Helga. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ved «Dronningbenken». Foto: Marit Sanden Søyset.

 

 

Publisert: 29. april 2024, 15:00