Laurdag 12/10 markerer Matkroken «handle lokalt» dagen på Matkroken Todalen. Dette er ei årleg markering i dei såkalla «Merkurbutikkane, og denne dagen vil damene på Matkroken sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa. Laurdag held dei kaffetraktaren varm heile dagen som serverer gratis marsipankake, bakels og graut til kaffes i tidsrommet mellom kl. 10 og kl 15.
Grauten kjem frå Steinarstua, og servering vil det bli heilt til fatene er tomme. I tillegg blir det gratislotteri der gevinsten er eit gavekort frå L. Hals. Alle som stikk innom denne dagen og skriver namn på handlelappen sin, er med i trekninga av gavekortet Damene på Matkroken håper mange kjem innom bua på laurdag, og blir med på feiringa.
Kom innom laurdag og bli med på feiringa, oppfordrar «damene på Matkroken»!