Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag er det klart for Søyacupen 2025!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. august 2025
Laurdag 23. august frå rundt klokka 09:00 er det klart for Søyacupen 2025! Det er påmeldt 89 lag, så her blir det fotball heile dagen på alle banane på Søyabanen. Det blir open kiosk og det blir sal av grillmat, så på laurdag kan ein innta middagen på Søyabanen samtidig som ein kan sjå så mange fotballkampar ein vil!
 
I fjor var det rundt 80 påmeldte lag, og det vart ei folkefest med rundt to tusen besøkande. I år er det nesten ti fleire påmeldte lag med rundt 650 spelarar, så fjorårets rekordbesøk står kanskje for fall?
 
Arrangørane reknar med at det kjem 700 – 750 bilar i løpet av dagen, så her er det viktig at alle som kjem køyrande følger parkeringsvaktene sine anvisningar, slik at ein unngår parkeringkaos!
 
Søyacupen 2025 – Kampoppsett og annan informasjon
 
Idrettslaget Søya ønsker alle spelarar, trenarar, foreldre, søsken, besteforeldre, tanter, onklar, sponsorar og alle andre velkommen til Søyacupen 2025!
Publisert: 18. august 2025, 13:20