Komande laurdag kl 17 er det duka til stor finale i årets sjakkturnering. Denne turneringa har pågått i Kaffekroken på Halsbua på etterjulsvinteren, og no er det for lengst klart kven som skal møtast til finale sluttspel i Ungdomshuset – I gullfinalen møtes Amund Talgø og Kristoffer Nordvik, medan bronsefinalen står mellom Brage Hauglann Talgø mot Bernt Venås. Her blir det nok spenning frå første stund, og sjakkgjengen oppfordrar publikum til å kome på finalen.
Men det er ikkje nok med gull- og bronsefinale. Den øvrige plassering skal også avgjerast, og her blir det kjempa etter dette oppsettet:
Arvid Halle (3 pl Gr A) mot Sigurd Talgø (3 pl. Gr B)
Anders Talgø (4 pl Gr A) mot Terje N (4 pl Gr B)
Bjørn Gunnar Ansnes (5 pl Gr A) mot Jo Gjeldnes (5 pl Gr B)
Ragnar Halle (6 pl Gr A) mot Ståle Ansnes (6 pl Gr B)
Ottar Halle (7 pl Gr A) mot Carsten Bohle (7 pl Gr B)
(8 plassen blir en miniturnering pga oddtall (9 per) i gruppe B :
Michael Heimlund (8 pl Gr A) Kvit mot Ola Ansnes (8.pl Gr B) Svart
Michael Heimlund (8 pl Gr A) Svart mot Eivind Bolme (8.pl Gr B) Kvit
Det blir sal av kaffe, brus og småkaker under finalene, melder arrangøren som er Todalen sjakklubb.
Vel møtt til finale i sjakkturneringa 2017!