Denne helga skulle det vore Norgescup i Randonee på Kårvatn. Snøen kom for seint, men «butikken på låven», Kårvatn Fjellutstyr, er ikkje rådlause av den grunn. Arrangement blir det i alle fall, sjølv om det blir litt annleis enn tiltenkt. I ein e-post til Todalen.no skriv Gudmund Kårvatn: «Vi feier snøen, og Ingvild kjøyrer på med Café Dala laurdag 11-14.
Det vil bli sal av heimbaka kakskiv m/pålegg, skogsbærsmoothie, banankake med eit hint av sjokolade. For dei som vil ha noko å drikke blir det kaffi, te og det reinaste vatnet. I tillegg bugnar butikken av aktuellt utstyr, og ein del gode varp.»