Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag blir det storliv på Bordholmen – og rundt omkring…

Jon Olav Ørsal Måndag 27. juni 2016

Todalsdagen har tradisjon helt attende til 1968, da T.I.L. feira 60-årsjubileum – da som no er det fotballen som står i sentrum, men i tillegg har arrangøren mykje meir å by på, både på bordholmen og rundt omkring. Vi kan nemne open dag både ute og inne på Gammelfabrikken til Talgø og konsert på Todalshytta på kveldstid.

Det er avspark for fotballturneringa alt kl 9.30 og fotballen vil nok rulle heile dagen til finalen for lilleputtane er unnagjordt på tampen av dagen. I år er det mellom 30 og 40 lag som stiller i klassane knøtter, miniputter og lilleputt.

DSC_9569

Kl 10 opnar loppemarknaden for sal og blir det finvêr så blir det rigga til utomhus, men alternativt blir det i reiskapshuset. Vi minner om at det ikkje er for seint å ta ein kikk på loft eller kjellar etter nye lopper – levering torsdag- eller fredag kveld til mottaket på Borholmen.  Kl 12.00 opnar Gammelfabrikken dørende til utstillingane både ute og inne, og held ope til kl 16. Her blir det ikkje høve til å kjøpe møblar, men T.I.L. vil derimot selge kaffe og bakels.

Kubingo er nytt av året. Her vil eit par kyr sørge for å sette «avtrykk» som avgjer kven som blir vinnar. Og når vi først er inne på lotteri så vil vi minne om at det er trekning i SuperLotteriet kl 14.30 – men mange flotte gevinstar der ei hagemøbelbruppe frå Talgø er hovudgevinsten. RætaOpp_Starten_9793

Elles byr laurdagens program på både MiniRæta og RætaOpp.  Da blir det pause i fotballen, og MiniRæta er for dei minste og er ei hinderløype rundt banen før dei går i mål. RætaOpp er eit mosjonsløp som startar på Bordholmen og går over Halsabrua og opp til toppen av Halsetreita og attende til Bordholmen for målgang. Her kan du være med å kjempe om løyperekorden eller du kan konkurrere med deg sjølv og idealtida. Begge klassar blir premiert.  Startkontingenten går som vanleg uavkorta til veldedige formål – i år det det prosjektet «Min dag» i regi av NKS og «Sjukt sprek-prosjektet» i Trondheim  som får nye god av pengane. – Siste post på dagprogrammet er finale i lilleputt-turneringa som startar kl 16.15 og som blir avslutta med seremoni kl 17.00.

Kl 19 fortsett kveldsprogrammet med konsert på Todalshytta. Da vi Jo Sverre Sande og Johanna Demker sørge for underhaldninga med sin konsert på bakken framfor Todalshytta. Her blir det i tillegg kortreist grillmat og forfriskningar å få kjøpt.

Program Todalsdagen 2016 – 2. juli
 Kl 08:30   Grillen tennes
 Kl 09.00   Kiosken åpnes
 Kl 09:30   Fotballkamper starter
 Kl 10:00   Loppemarkedet åpner
 Kl 12:00   Gammelfabrikken til Talgø åpnes
 Kl 11:00   Start kubingo
 Kl 11:50   Start ”miniræta”
 Kl 12:00   Start ”Ræta opp”
 Kl 14:30   Trekning Superlotteriet
 Kl 16:15   Finale Lillegutt
 Kl 17:00   Seremoni
  
 Kl 19:00   Sommerkonsert på Todalshytta
 Jo Sverre Sande og Johanna Demker gir oss underholdning
Først publisert: 27. juni 2016, 18:58 - Sist oppdatert: 28. juni 2016, 08:20