Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag 5. juni: Asle Beck med konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mai 2021

Todalsvennen og visepopsongaren Asle Beck kjem til Todalen igjen laurdag 5. juni.  Asle vil da halde konsert for oss på bakken framfor Todalshytta.  – Asle Beck er godt kjent i Todalen og har delteke på låtskrivarseminar  her og har opptredd både på Todalshytta og på Raus 2015 på Gammelfabrikken.  No er han altså klar for ein todalstur  igjen, og han entrar scena på Todalshytta laurdag 5. juni – presis kl 17.

Det blir nok folkåt på plassen framfor Todalshytta på konsertkvelden. Foto: Jon Olav Ørsal

Arve Evensen på Todalshytta er litt spent på vêret denne ettermiddagen, men senkar skuldrene litt etter kvart som finvêrsperioden vi er inne i strekker seg lenger og lenger framover, og yr.no lovar faktisk 18-22 grader for Todalen denne dagen.  Får vi ein slik kveld som vêrmeldinga lovar så vil dette bli ei stor oppleving som vi seint vil gløyme.  Vil du forhandskjøpe billettar så kan du berre gå inn på linken til konserten og kjøpe billett dersom du vil slippe å stå i kø – eller du kan kjøpe billett ved inngangen dersom du heller vil det.  Prisen blir den same, kr 300. Kjøp billett her!

Kjøkkenet på Todalshytta har fått mykje skryt etter at dei for eit par veker sia «tjuvstarta» sesongen litt i forkant av ordinær sesongstart.  På konsertkvelden vil dei også by både på vått og tørt.  På menyen denne kvelden står bacalao, Pulled pork, -okse eller kylling, sjølvsagt med høveleg tilbehør og alle rettigheiter i baren.  

Todalshytta er rusta opp både innvendig og utvendig – her eit glimt frå svalgangen. Foto: Jon Olav Ørsal

I 2016 var Asle beck på Todalshytta sist – Vi gler oss til han er tilbake 5. juni. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Vi må ta med eit bilde av den nye ølbenken. Den kom på plass i dag og det er Gunnar Nordvik som har laga benken som er konstruert med bord. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. mai 2021, 18:38