Det starta i det små, med eit par stykker som møttes i fjæresteinane på Ansneset for å ta seg eit nyttårsbad for nokre år sidan. I år var det i følge tilsendte bilder utruleg god deltaking og kanskje ok temperatur for hardhausane. I lufta var det i alle fall rundt 5-6 grader, men med noko nedbør så ser det rett litt hustrig ut likevel…

Det veks oppi med nye badarar. Maria er ikkje skvetten og var med mor Laila. Kjetil Sogge i bakgrunnen har rigga seg til med kameraet på opptak for å forevige heile seansen. Mange fine ansiktsuttrykk å finne der, om ein studerer hovedbildet på nært hald.
Alle foto Knut Bergli.