Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Latterleg med Honningsvågrevyen…

Jon Olav Ørsal Fredag 13. mars 2015

Komande laurdag kjem Honningsvågrevyen på besøk til Surnadal kulturhus. Dei har med seg ei blanding av gamle glansnummer og mykje nytt, med innslag av humor og galskap. Honningsvågrevyen har vorte eit fenomen og den nordnorske humoren har fått publikum frå heile landet til like den nordnorske humoren, og vi må rekne med at det blir mykje latter denne kvelden.

hv moddy

Laurdag kveld kjem Honningsvågrevyen på besøk i kulturhuset. Foto: Surnadal kulturhus

Fem manns sterke Honningsvågrevyen fekk sitt nasjonale gjennombrot med «Fresk, Frank og Freidig» for femten år sia. Og etter sterkt påtrykk frå publikum, dukkar fleire figurar derifrå opp igjen på Surnadal kulturhus på laurdag. – Men tida har ikkje stått stille sia da, så det vil også dukke opp nokre utemma, eller i det minste halvville, figurar av nyare dato på scena laurdag kveld.  Billettar får du kjøpt på Billettluka eller ved inngangen – førstillinga startar kl 19:00.

 

 

Publisert: 13. mars 2015, 14:56