Denne veka er fleire av dei fremste låtskrivarane samla til seminar på Todalshytta. Dei starta søndag og held på til torsdag, og onsdag kveld byr deg på seg sjølve og inviterer til konsert på Gammelfabrikken. Det er egentlig eit heilt unikt tilbod, der du får høre 7-8 toppartistar som opptrer saman, eller kvar for seg i ein og same konsert. Sist det var RAUS-konsert på Gammelfabrikken i 2016 samla dei nærare 200 tilhøyrarar – det blir det kanskje i år og?
Eric Malling, som er vert på Todalshytta, er glad for at RAUS-konserten er tilbake på Gammelfabrikken. Der er det ein heilt spesiell atmosfære som passer til denne musikken. No er det fjerde gong at det arrangeres låtskrivarseminar som blir avslutta med konsert for bygdefolket og andre som har lyst til å kome. Måndag og tysdag har det vore full aktivitet og deltakarane på seminaret har jobba godt saman og fått til mange gode tekster. Mange av dei nye tekstene handler om vær og høst, gliser Johanna Demker og ser oppi snøkledde todalsfjell.
Under seminarer jobbar dei mykje saman, og Johanna fortel at dei alt er ferdig med ei julelåt. Ho understrekar at disse seminara på Todalshytta har ført til mykje samarbeid også utafor Todalen. Vi har ofte starta på ting her i Todalen og fortsett etter at vi er komne heim. Men det er godt å kome hit og kunne konsentrere seg om nye ideer som nærast blomstrer opp her på Todalshytta.
Lokalt er Jo Sverre Sande med i det gode selskapet på Todalshytta denne veka. Han tykte det var heilt fenomenalt å være med saman med dei rutinerte artistane, og gleder seg til den felles konserten RAUS 2018.
Onsdag kveld 26. september er det altså RAUS 2018 med konsert på Gammelfabrikken. Dørene opnar kl 18 og det er konsertstart kl 19. Billetter kan du kjøpe ved inngangen.