Indre Nordmøre senioruniversitet inviterte onsdag 13. november til møte i Surnadal kulturhus. Temaet var «Lars Talgø og brurekronene hans». Bjørn Austigard heldt eit engasjert og interessant foredrag om Lars frå Taløyan i Todalen som laga så fine og forseggjorde brurekroner.
Bjørn Austigard er lokalhistorikar, museumsmann og forfattar. Han har vore konservator ved Romsdalsmuseet, og i 2019 fekk han kongens fortenestemedalje.
Romsdalsmuseet har to brurekroner med stempel LT som står for Lars Talgø. Men kven var Lars Talgø? Tre personar hadde namnet på 1800-talet, men no er det avklart LT er Lars Endresson Talgø fødd i Taløyan i 1828. Foreldra var Anne f. Talgø og Endre N. Aasen frå Surnadalseidet. Anne var dotter til Beret Larsdotter frå Austigarden på Kvennset og Elling Olsen Talgø.
Lars Talgø voks opp i Todalen og konfirmert i Stangvik kyrkje. Seinare flytta han til Kristiansund der foreldra og søskena budde. Lars gjekk i gullsmedlære hos far sin, Endre Aasen. To yngre brør var også gullsmedar, Nils Elingeus og Johan Anton. Mange todalingar hugsar gullsmedforretninga til Aasenfamilien i Kristiansund, og i mange heimar er det sølvbestikk, smykke og sølvvarer som er laga der. Aasen var gullsmedbutikken for todalingar da Aasengullsmedane stamma frå bygda, og arvesølv stempla Aasen finst nok i mange heimar. Kanskje helst med stempelet «Johan Aasen».
Lars Talgø levde eit litt omflakkande liv, flytta mellom Kristiansund og Molde. Han er mekanus og rørleggar. Han gifta seg med ei enke som var mykje eldre, og dei fekk sonen Sverke Olaus.
Hovedarbeida til Lars Talgø er altså dei to flotte brurekronene han laga: Kleivekrona og Åndalskrona. Brurekronene var utlånte, det var populært å gifte seg med krone fram 1970-talet. Men no er dei godt bevarte på Romsdalsmuseet.
Aasen gullsmedforretning er lagt ned, men Kristin Aasen er gullsmed, har verkstad heime og fører familietradisjonen vidare. Søstera Signe Louise er smykkekusntnar og designer. Ho designa Stikk Ut!-kruset i 2016.
Bjørn Austigard håpar at fleire finn sølvsaker med LT-stempel og tek kontakt.