Torsdag kveld hadde Surnadal Golfklubb kalla inn til årsmøte, og atten medlemmer møtte opp. Her vart ei fyldig årsmelding for 2024, saman med årsrekneskapen for 2024 vedtekne.
På årsmøtet vart også budsjettet for 2025 vedteke. Årsmeldinga, rekneskapen, budsjettet og årsmøteprotokollen vil vil bli publisert så snart dei er klare.
Siste post på saklista under årsmøtet var val, og etter valet ser styret slik ut:
Leiar: Lars Ove Løseth, ny for 1 år
Nesteiar: Tom Erik Kvande, ikkje på val
Kasserer: Martinus Grønnes, gjenval for 2 år
Sekretær: Jens Settemsdal, ikkje på val
Styremedlem: Laila Kvendset Bergli, ikkje på val
Styremedlem: Håkon Sæther, ny for 2 år
Styremedlem: Eirin Polden, ny for 2 år
Varamedlemmer: Geir Forbregd (ikkje på val), Kristoffer Brøske Nordvik (gjenval for 2 år)
Lars Ove Løseth overtar altså leiarvervet etter Hallvard Kvande, som har vore leiar i mange år, men i år takket nei til gjenval. Håkon Sæther og Eirin Polden kjem inn som nye styremedlemmar.