På måndag 31.mai klokka 10:30 blir det lansering av el-sykkelutleie i Todalen. Dette er delprosjekt av prosjektet Innfallsport Trollheimen, der Todalen er valt til Surnadal kommune sin innfallsport. Det er kjøpt inn fem el-syklar som skal leigast ut til turistar og andre som ønsker å ta seg ein sykkeltur for å få sjå den vakre dalen vår. Det er Todalen Grendalag som står for drifta av syklane.
Syklane er levert av Intersport Olaf Moen i Surnadal og finansiert gjennom sponsing, offentleg støtte og eigenkapital. Sponsorane som er med er: SpareBank1 Nordmøre, Talgø MøreTre, SpareBank1 SMN, Consto Surnadal, Todalen Sanitetsforening, Gjensidige Surnadal, Heim og Tingvoll, Pipelife og El-Co – Svorka. I tillegg er det søkt om offentleg støtte, samt at Todalen Idrettslag og Todalen Grendalag har gått inn med midlar.
Utleige av syklane tek til frå laurdag 5.juni. Meir informasjon om leigeprisar og booking kjem neste veke.
Lanseringa skjer på Matkroken Todalen klokka 10:30 måndag 31.mai. Følg dei gjeldande smittevernreglane!