Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langtids 2 på Todalstur

Jon Olav Ørsal Fredag 16. september 2016

Langtids 2 på Surnadal sjukeheim tok seg ein todalstur i finvêret på fredag.  Dei vart nok litt overraska når dei kom til eit tett tåkehav, der dei knappast klarte å orientere seg.  Men dei visste råd og tok turen til Kårvatn, og da kom dei over den tjukke tåkebanken. Her kjørte dei innover til Plassen, for å ta Nauståfossen i nærare augesyn.

karvatn_4718

På Kårvatn kom ovafor tåka og kunne nyte den fine haustdagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Der trefte dei imidlertid Terje Nordvik som var på hytta ein tur,  og dermed vart det kaffelag i hyttetunet for både pasientar og hjelparar. Etter kvart letta tåka og forsvann slik at det vart utsikt og høve til å sjå seg rundt i bygda på turen heimatt til Surnadal.

Publisert: 16. september 2016, 12:17