Det blir prata mykje om både tropenetter og varmebølger, men natt til laurdag var vi nok langt unna her i Todalen. Temperaturane var på det lågast i fire-femtida her, med 12-14 grader på dei forskjellige plassane – på Hala var minimumstemperaturen 14 grader, medan maksimumsteparaturen i går var på 25 grader.
Det var nok heller ikkje meldt om at det var tropenatt på gang, men sjansen er nok større dei neste dagane, etter som sommarvêret skal forsett så langt fram som vi ser på yr.no. Tropenatt er det når temperaturen ikkje kjem under 20 grader mellom kl 20:00 og 8:00 neste dag.
Definisjonen på varmebølge her i Noreg er når dagtemeraturen er over 27 grader i 5 dagar på rad. Det er nok ikkje så ofte at dette skjer i Noreg, men det er iallfall gode prognosar for sommarvêret dei neste dagane så det er kanskje lurt å ha badebuksa på lur!