Kveldens tjuvstart på årets Stangvikfestival 2016 gjekk for fullsatt sal og vel så det på Gammelfabrikken. Og hvilken start dei starta med! Styreleiar i festivalen; Torbjørn Larsen ønska alle tilreisande velkomne og var naturleg nok mektig imponert over kor mange som hadde teke turen innover til Todalen for å oververe det anerkjente teaterstykkjet «Bunnlinja» av og med Marianne Meløy og Trygve Brøske.
Marianne Meløy og Trygve Brøske hadde dei alle ca 250 frammøtte i si hule hand i den nesten halvanna timen dei held koken frå scena. Her fekk vi ein rundtur rundt Meløya i Nordland. Kun ein fluelort på kartet, men som rommer det aller meste som i eit anna univers. Fleire kjente nok igjen mange av rollefigurane som like gjerne kunne utspela seg på kva for ein plass det skulle være. Så framt det var ei myr med molter i nærliken som Vasskjeftmyra vel og merke…
Gjennom forestillinga forsøker Meløy å få konkretisert bunnlinja i livet og universet. Kvar er ho? Er ho der ho burde, eller skulle ho kanskje ha vore litt lengre opp? Ho konkluderer enkelt og greit med at gjennom åra så har det umulige til slutt vorte muleg, noko ein kanskje kan bruke til det daglegdagse også.
Fekk du ikkje høve til å sjå forestillinga her i Todalen kan eit besøk på Trøndelag Teater til hausten anbefalast. Ellers blir det i morgon kveld offisiell åpning av årets Stangvikfestival i Stangvik prestegard.