Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langhelg med pizza og blomster

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. mai 2025

På Hageland byr dei på mykje blomster denne helgen – aldri før har vi hatt så stort utval i sommarblomster, seier Hubertine Roebroke som er gartnar på hagesenteret i Surnadal.  – Pizza blir det og, for både torsdag og fredag vil Kjell Arve fyre opp pizzaomnen og servere steinomnbakt pizza til kundane.

Både torsdag og fredag vi Kjell Arve fyre opp pizzaomnen og servere steinomnbakt pizza. Torsdag opnar hagesentret kl 12, sidan det er helgedag. Foto Jon Olav Ørsal

Torsdag som er det heilagdag, så da er hagesenteret ope frå kl. 12 til 17, medan det fredag er ordinær opningstid frå 10 til 18. – Begge dagane blir det altså fyr på pizzaomnen.

Hubertine fortel at kundane har strøyma til både frå Nordmøre og frå Trøndelag den siste tida – tydeleg at det har spurtest at vi er dyktige på sommarblomster, busker og trær, og at vi har stort utval seier den travle gartnaren.

Eit hav med sommarblomster – aldri før har vi hatt så stort utval, seier Hubertine Roebroke som er gartnar på Hageland Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. mai 2025, 07:44