Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langfredag: Bli med på «Kjerringdilten»

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2016

Langfredag inviterer Todalen IL og skihytta på Ørsalfjellet til Kjerringdilten. Kjerringdilten har lang påsketradisjon på skihytta og går på idealtid med ein flott vandrepokal som premie. Starten går kl 13.00 og hyttestyret lovar at det skal være open kiosk på hytta og Knut stiller med bakelsjarnet sitt og byr på nystekte bakels i kiosken.

For å kome til Skihytta har har fleire alternativ – det er skuterspor frå Innerdalsmerket, via Tristeinan og utover Snøfjellet til skihytta. Skuterspor er det også frå Øyalia og oppover til Skihytta og frå Todalsøra kan du gå via Fauskhjellen til Ørsalsetra og vidare til skihytta.

Vandrepokalen gikk i 2015 til Maren Mikkelsen Karlsen, som var 6 sekund frå idealtida. Rennleiar Ivar Helge delte ut premiar til deltakarane. Arkivfoto: TIL

Til påskehelga kjem også «påskevêret» – både yr.no, storm.no og vår lokale vêrspåmann lovar finvêr utover påska. Dermed kan vi konkudere med at det blir ein flott dag på skihytta for den som tek turen. Og alle er sjølvsagt velkomne som deltakarar på «Kjerringdilten», melder Todalen I.L.

Publisert: 21. mars 2016, 19:00