Kjerringdilten er ein årleg tradisjon ved Skihytta på Ørsalfjellet. I år er føresituasjonen slik at Todalen Idrettslag desverre ser seg nødd til å avlyse arrangementet som skulle gått på langfredag. Det er meldt tildels store nedbørsmengder på torsdag, og det vil bare forverre situasjonen. Hytta er imidlertid bemanna på langfredag, så det kan by seg både kaffe og bakels dersom du tek turen likevel. Knut og Torkjel sørgjer for sol, bakels og kaffe frå kl 12!
I same slengen minner Todalen I.L. om årets friluftsgudsteneste på Haugligardane, der Trimgruppa er medarrangør saman med Todalen sokneråd på 2. påskedag. Dei inviterer til hyggelig samvære med grilling og utekos etter at gostenesta er ferdig. Værmeldinga på yr.no er bra for 2. påskedag, og da ligger det an til ein fin utedag for både store og små.