Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lang tradisjon med friluftsgudsteneste og godvêr på andre påskedag

Jon Olav Ørsal Måndag 21. april 2025

Friluftsgudstenesta har lang tradisjon i Todalen – først i mange år på Haugligardane og no i fleire år på Tjønnmyran, slik som i dag.  Og tradisjonen er mesta like lang med finvêr på 2. påskedag, sjølv om det kom 4-5 småe regndropar da folk var på tur oppover bakkane til Tjønnmyran.  Men dei vart aldri meir enn nokre få. Eit femtital fann vegen til friluftsgudstenesta på Tjønnmyran i dag, og det vart ein triveleg dag, sjølv om sola glimra med sitt fråvær – det var god temperatur og omtrent ikkje vind, og da blir det da bra.

Eit femtital deltok i gudstenesta på Tjønnmyran. Foto Jon Olav Ørsal

Det var sokneprest Pål Arne Winsnes som var liturg under dagens friluftsgudsteneste, medan organist var Amund Valde som trakterte både el-orgel og trekkspel til den fyldige salmesongen som kyrkjegjengarane i Todalen er kjente for. Leiar for soknerådet i Todalen Borghild Talgø sørga for tekstlesing og kunngjeringar frå kyrkja i tida som kjem. Tema for dagens preike var sjølvsagt Jesu korsfesting på langfredag og oppstandelsen etterpå. 

Dagens kollekt går til Kirkens SOS, og dersom du vil være med og gi eit bidrag så, så kan du framleis bruk vipps 506908 (Todalen sokn).
Det var mange kunngjeringar i dag – det er mykje som skjer no utover våren. 
Den 24. april er det samtalegudsteneste med alle konfirmantane i Stangvik kyrkje – etterpå er det konfirmasjonsfest i Bondehuset i Stangvik.
Den 26. april kjem Nidaros domkor til Stangvik kyrkje, medan det blir gudsteneste den 27.

Organist Amund Valde trakterte både trekkspel og el-orgel. Foto Jon Olav Ørsal

Den 28. april er det kyrkjegardsdugnad – ta med høveleg reiskap og ta gjerne med deg ein vaskarkost og litt vaskeutstyr oppfordra soknerådet.
Den 10. mai er det konfirmasjonsgudsteneste kl. 11 – da skal Jens Sancho og Trygve Alexander konfirmerast.
Den 17. mai er det gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14:00, medan det i Stangvik kyrkje er høgtidsgudsteneste i Stangvik kyrkje den 8. juni (pinsaften) med opptil fleire kyrkjebåtar som deltek.

Det vart ei triveleg stund på Tjønnmyran i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Etter gudstenesta sørga soknerådet for traktering til alle – her var det servert pølse med brød og sjølvsagt var det kyrkjekaffe med ein twist til sukkerbit etterpå.

Nedafor har vi lagt ut nokre bilder i eit lite galleri – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. april 2025, 14:52