Dei siste dagane har det vore landvind med fokk og rokk – gradstokken viser i dag 5 kuldegrader, men vind gjer at det kjennes som 11 kuldegrader skriv yr.no i si vêrmelding. Ein liten rundtur i dag tidleg viser oss at det faktisk er slik. Og vind skal det bli i fleire dagar, så vi får berre være glad at ikkje all snøen er laussnø – da ville det bli skikkeleg snøfokk. I meldinga til yr.no er det meldt vind i 5 m/sek og med 15 m/sek i kasta.
Som sagt melder yr.no om kald auståvind med 3-8 kuldegrader fram til og med laurdag. Søndag er det derimot meldt mildare vêr, rundt null grader, og litt sludd eller snø. Det er iallfall litt lurt å være forsiktig på glatta, for vinden har polert isen. Sjølv om det er godt strødd så er det stadvis glatt – spesielt på gardsvegar der vinden får tak og det ikkje er organisert strøing.