Det er no klart at at Erik Kårvatn fortsett på landslaget for Randonee også i sesongen 2024/2025. Norges Skiforbund Randonee har no gjort sine uttak og Erik er altså med i planene til landslagets satsing fram mot OL i Milano-Cortina i 2026.
Uttak til juniorlandslaget er også klart – her har både Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fått plass for sesongen 2024/2025.
Alle 3 representerer Trollheimen Fjellsportklubb, og det er ikkje mindre enn imponerande at klubben kan stille med 3 medlemar på landslagsnivå i Randonee. – Nedafor finn du oversikt over dei tre landslaga som er tekne ut og som skiforbundet publiserte denne veka.
Landslag 2024/2025:
Erik Kårvatn, Trollheimen Fjellsportklubb
Trym Dalset Lødøen, Haugen IL
Sander Engdahl, Torvikbukt IL
Ida Waldal, Hommelvik IL
Hans Inge Klette, Viljar IL
Ove Erik Tronvoll (trener)
Juniorlandslag 2024/2025:
Mads Kirkreit Gjethammer, Romsdal Randoneeklubb
Aron Rodal Haugen, Trollheimen Fjellsportklubb
Elise Hjelset Andersen, Tromsø Randoneeklubb
Isak Drøpping, Trollheimen Fjellsportklubb
Hampus Mack Tronvoll, Stjørdals-Blink IL
Malin Indergård, Romsdal Randoneeklubb
Ingfrid Klokset, Romsdal Randoneeklubb
Iver Holen, Tromsø Randoneeklubb
Trener: (Annonseres senere)
Langdistanselandslag 2024/2025
Bjørn Haugo Herfindal, Tromsø Randoneeklubb
Vegard Øie, Tromsø Randoneeklubb
Morten Antonsen, Gjerdrum IL