Dei ti dyra som Ola Magne hadde kjøpt frå Nordfjordtraktene kom til Nordvik fredag kveld, og var allereie godt i gang med å fortære kvist og bork frå trea i innhegninga si, til tross for at dei hadde tilbod om førsteklasses silo frå rundballar. Ola Magne fortel at landskapspleie er den store styrken til denne rasen og han tenker å lage innhegning i det området der han har drevet tømmerhogst i vinter.
Åtte av dei ni kyrne er åtte i dag drektige, og vil nok kalve i tur og orden utover våren. Kyrne får ein kalv, og kalvinga er som oftast styrt til vårparten, slik at kalvane får ein best muleg start i livet. Melka går i sin heilhet til amming av kalvane, som kan selgast vidare allereie til høsten eller i alle fall til vinteren.
Nordvik fortel viare at dette er ein hardfør rase som er befengt med lite sjukdom, og som klarer seg godt ute heile vinteren. Dei greier seg også godt sjølve i samband med kalvinga.