Onsdag kveld – 1. juli kl 19.00 – er det klart for tidenes oppgjør mellom Todalen og Bøfjorden. Begge laga samler alle dei beste til eit landslag (iallafall etter same prinsipp som landslaget) og møtes på Bordholmen. Det blir altså eit blanda Todalslag mot eit blanda Bøfjord-lag, der spelarane som er lånt ut til andre lag stiller på sitt heimelag. Det blir nok litt av eit oppgjør – og uansett resultat så blir det returkamp i Bøfjorden etter ferien.
Måndag kveld var det meste av stallen samla til trening og strategiplanleggjing på Bordholmen der 14 spelarar møtte – i tillegg kjem 4-5 som stiller onsdag, så vi har mykje godt materiell å velge i, seier fotballoppmann Knut Bergli.
Vi oppfordrar publikum og heiagjen til å møte opp på kampen! Todalen I.L. opnar kiosken, og lovar både kaffe og bakels med graut og andre forfriskninger, medan YR.NO lovar 20-25 varmegrader og ein fin sumarkveld.