Per E. Gjeldnes maskin starta fredag ettermiddag arbeidet med å lage skikkeleg veg for landgangsfartyet som kjem til Todalen måndag morgon. Det skjer ved Rossåa settefiskanlegg, på sørsia for utløpet av Rossåa.

Det må her lages skikkeleg veg, slik at ein utan problem kan køyre opp frå landgangen i fjøra og kome inn på den asfalterte vegen som går frå Rossåbrua og ned til settefiskanlegget.


Det blir ein del arbeid for å få til dette, men Per E. og Arne Gjeldnes var sikre på at dei skulle få landgangsvegen klart til måndag morgon, etter som dei har heile helga å ta av. Du kan også lese om landgangsfartye på Driva.no

Landgangfartyet er på veg sørover, og kjem etter plana til Todalen måndag morgon.